Regesta Norvegica VIII

July 26, 2017 | Autor: Jo Rune Ugulen | Categoria: Medieval History, Diplomatics (Medieval), Norwegian History, Book Reviews
Share Embed


Descrição do Produto

Anne-Marit Hamre (utg.) Regesta Norvegica, bd. VIII, 1391–1404 Oslo: Riksarkivet, 2006. 692 s. Av Jo Rune Ugulen For ein mellomalderhistorikar som underteikna, som til tider nærast kan reknast for ein empirisk junkie, er det ei storhending kvar gong det dukkar opp ein ny publikasjon som inneheld eitkvart om eller med kjelder til norsk mellomalderhistorie. Slik var det truleg ei kjensle som liknar den som barna mine på fem og to har, når dei får godteri, eg sat med når eg fekk kloa i det ferske band VIII av Regesta Norvegica (RN) tidleg på hausten 2006. Utgjevar er som vanleg Riksarkivet, denne gongen representert ved Anne-Marit Hamre ved Kjeldeskriftavdelinga same stad. Trass i mange små og nokre større feil og manglar, som eg skal illustrera i det etterfølgjande, er band VIII av Regesta Norvegica ein svært verdifull tilvekst til korpuset av hjelpemiddel for norsk mellomalderforsking. Det er ei flott bok, og jamt over ei god utgåve. Og når prisen er på berre 200 kroner, er det ikkje minst eit rasande godt kjøp. RN «skal gi en kronologisk ordnet fortegnelse over alle kjente aktstykker til Norges middelalderhistorie, brev og andre dokumenter, bevarte og bortkomne, trykte og utrykte» heiter det mellom anna i føreordet til RN II, det første bandet som kom ut i serien, i 1978. Det er såleis ei forteikning over alle kjende aktstykker til norsk historie i tida 1391–1404 dette bandet skal gje oss. Dersom dette verkeleg hadde lukkast, ville det truleg ha vore ein større sensasjon enn det motsette. I eit arbeid av denne typen må ein rekna med at eitkvart har vorte oversett eller utegløymt, og det er då også tilfellet med dette bandet. Akershusregisteret frå 1622 inneheld minst eitt brev som ikkje er med i dette bandet av RN, nemleg Akershusregisteret nr. 1069, som er dagsett til kong Eriks tredje år (1391–1392), og omhandlar eit jordskifte mellom Gudbrand Erlingsson og Andres Gyrdsson. Desse to opptrer forøvrig saman i eit brev som er regestert i RN VIII, nr. 109, og som truleg har ein samanheng med brevet frå Akershusregisteret, ettersom Andres Gyrdsson her er skuldig nokre pengar til Gudbrand Erlingsson. I namneregisteret til RN finn vi forøvrig at det er registrert to forskjellige Andres Gyrdsson, ein i Oslo og ein på Toten, men ein kan rekna med at det her må vera tale om ein og same mann. Toten og Oslo ligg trass alt ikkje så langt frå kvarandre, og i det utegløymte brevet frå Akershusregisteret får jamvel Andres Gyrdsson jord på Toten. At det er utegløymt brev er uheldig, men ikkje overraskande. Eg har

ikkje leita systematisk etter andre brev i Akershusregisteret eller andre stader, som kan ha vorte oversette, så eg kan ikkje seia om det er fleire slike tilfeller. Likevel bør kontrollrutinane ved ei utgjeving av RN vera gode nok til at ein i det minste fangar opp alle brev som finnest i Akershusregisteret. Manglar og småfeil finst det, ikkje uventa, fleire av. Til dømes er regest 1315 sagt å vera trykt i band 22 av Diplomatarium Norvegicum (DN), men her er ikkje brevet å finna. Derimot kjem det etter alt å døma i band 23. Innhaldet i fotnotane er undertida det eg har stussa mest over. Her er det ein del rusk og tidvis underlege forklaringar. Regestane 28–31 er daterte til før april 1391, og i notane til alle fire breva står det at det er utgjevaren si datering, med tilvising til «ibid s 225». Kva bok det er tale om, kjem derimot ikkje fram. Breva er publiserte i ei avhandling av Edouard Perroy frå 1933, og det kan vel tenkjast at det er denne boka det er sikta til i nemninga «ibid», men sikker er det uråd å vera. Kva som ligg til grunn for dateringane får vi heller ikkje vita. Det er uheldig. Der termen barfotbrørne førekjem i teksten er det nær sagt alltid ein fotnote der det står minorittar, men truleg ville det vore meir forklarande dersom utgjevaren hadde valt termen fransiskanar i staden. I det minste er det fleire som har høyrt om fransiskanarane enn om minorittane. Regestar som nemner prestebordsgods har ofte ein fotnote der det står mensa, medan kyrkjegods har fotnotar der det står fabrica – begge med uthevingar. Dette er i og for seg greitt, men den utbreidde bruken av notar av denne typen, fekk meg til å stussa over kva som eigentleg står i førelegget for regestane desse stadene. Det gjeld til dømes regest 691, frå kring 1398, der det vert avslutta med at noko skal førast inn i kyrkjas «sálaskrá», altså sjeleskrå. Ordet er jamvel utheva, noko som indikerer at det er slik det står i kjeldeførelegget. Likevel er det her ein fotnote der orda «Obituarium, anniversarium» står utheva. Kva som står i kjeldeførelegget er uråd å finna ut av dette, men etter å ha kontrollert kjelda (Biskop Eysteins Jordebog, s. 44) finn eg der berre «sala skra», altså «sálaskrá». Korkje mensa eller fabrica, obituarium eller anniversarium, er nemnt i kjelda her. Heller ikkje førelegga (Biskop Eysteins Jordebog, s. 38–40) for regestane 688, 689 og 690 nyttar termane mensa eller fabrica, sjølv om desse står utheva i notar til regestane. Dette gjer at eg stiller meg spørsmålet om det same kan vera tilfellet med resten av dei mange førekomstane av mensa og fabrica i noteapparatet også, men dette har eg ikkje kontrollert. Bruken av desse orda vert beint fram misvisande når dei ikkje står i førelegget. Den same latinbruken finn vi til dømes også i regest nummer 1216. Det er eit brev som er utferda i Bergen åtte dagar før krossmesse om våren

i 1403. Ved krossmesse om våren står ein fotnote med det utheva innhaldet inventio crucis, noko som kan tolkast som at det er denne termen som står i førelegget. Ein rask sjekk av dette (DN XII, nr. 138) viser tvert imot at det ikkje står der. Brevteksten har «atta daghom firir krosmesso om varin», slik det også er skrive i regesten. Den same noten står også ved den påfølgjande regesten (nr. 1217), men heller ikkje her står den latinske termen i kjeldeførelegget (DN III, nr. 567). Der står det «frædaghen nesta eftir kross messo vm vareth». Kva som er tanken bak ein slik meiningslaus latinbruk veit eg ikkje, men eg reknar med at dette ikkje er ein skikk som vil verta med i arbeidet med dei påfølgjande banda av Regesta Norvegica. Regest nr. 1220, datert 23. mai 1403, fortel at det bakpå brevet med yngre hand står fru Gyrid og fru Åsa, noko som i tilfelle tyder at det er tale om to riddarfruer. I note 2 til same brev står det derimot at det på dokumentets bakside er ei seinare påskrift som gjev Gyrid og Åsa hustrutittel. Det er det siste som står i førelegget (DN II, nr. 576). Dei er hustruer, ikkje fruer, og dermed ikkje gifte med riddarar, slik ein kan få inntrykk av. Eit tilfelle av feilidentifikasjon i namneregisteret finn vi i eksempelet Ogmund Einarsson. Han er nemnt rådmann i Tønsberg, og opptrer i to brev ifølgje namneregisteret. Regest 1231 er eitt av desse to breva. Her finn vi i førelegget (DN IV, nr. 732) at det står «Einadzson», noko som i utgangspunktet ikkje vil vera urimeleg å lesa som ei feilskriving for Einarsson. Men når det opptrer ein Ogmund Kinadsson mellom rådmennene i Tønsberg fleire gonger i perioden 1400– 1421, mellom anna også i to brev i dette bandet av RN, bør utgjevaren få med seg at «Einadzson» nok rimelegvis er ei feilskriving av Kinadsson og ikkje av Einarsson. Regest nr. 1096, datert 23. april 1402, er eit brev utferda av mellom anna Arvid Ingjaldsson. I førelegget (DN XII, nr. 136) er han nemnt rådmann i Bergen, men dette kjem ikkje fram av regesten, og dermed heller ikkje i saksregisteret. Opplysningar av denne typen er viktige å få med i utgåver som RN, ettersom det er nettopp i slike samanhengar at RN har sin store styrke andsynes kjeldeutgåver som DN. Regest nr. 1222 er datert 12. juni 1403 og stadfesta til Ådnanes, ein gard i Finnås kommune i Hordaland. Førelegget (DN XII, nr. 139) fortel av brevet er gjort (dvs. utferda) på «Andanesse», og eg er slett ikkje overtydd om at denne stadidentifikasjonen i RN er rett. Brevet er eit vitnebrev frå tre menn som vitnar at dei var til stades då hustru Gudrun Tordsdotter og jomfru Gyrid Torbergsdotter, på vegne av seg sjølv og si søster, Sigrid, gav fullt ombod til Tord Trondsson til å

handla på vegne av dei med omsyn til farsarven deira. At det er tale om personar som tilhøyrer aristokratiet er det ingen tvil om på bakgrunn av tittelbruken her. Jomfru Gyrid er truleg også identisk med den hustru Gyrid Torbergsdotter som i 1452 er sagt å eiga garden Store Brandvik på Huglo i Sunnhordland (DN X, nr. 207). I DN vert det sagt at originalbrevet er kome til Riksarkivet frå Ullensvang i Hardanger. Men eg saknar ei grunngjeving for kvifor det skal vera Ådnanes i Finnås som er utferdarstad. Eg kan berre gissa på at årsaka ligg i at det er den einaste garden i Sunnhordland og Hardanger med dette namnet. På den andre sida finnest det gardar med dette namnet både i Strand og Skjold i Ryfylke, og garden i Skjold er knapt mykje lenger unna Ullensvang i luftlinje enn kva som er tilfellet med garden i Finnås. Men etter det eg kan sjå er det slett ikkje noko i vegen for at det er tale om Andenes i det som no er Andøy kommune i Nordland. Andenes var opphavleg namnet på ein gard på nordspissen av Andøya, men fungerer idag som eit grendenamn snarare enn eit gardsnamn (jf. Norske Gaardnavne, bd. 16, s. 402). Det synest kan henda merkeleg at eit brev som er utferda på Andenes i Nordland skal ha noko med Hardanger eller Sunnhordland å gjera, men koplinga mellom nettopp Andenes og Sunnhordland er ikkje noko særsyn i gammal tid. På 1500-talet finn vi ei adelsslekt med setegardar på Andenes og på Tjøtta som har nære band til Bergen og Sunnhordland, og dette er med på å sannsynleggjera at det verkeleg er Andenes på Andøya som er utferdarstad for dette brevet. Regest nr. 1168 er eit valdekret utferda av domkapitlet i Nidaros i desember 1402, der dei vel Eskil til ny erkebiskop. Brevet er ikkje bevart i original, men kjelda for eksistensen av brevet er sagt å vera DN XVII, nr. 225a, samt Eldbjørg Haugs doktoravhandling Provincia Nidrosiensis, s. 267. Den førstnemnte tilvisinga er det ikkje nokon grunn til å tvila på. Men eg kan ikkje med mi beste vilje sjå at ei norsk doktoravhandling frå 1996 har noko som helst å gjera i denne referansen. Dette må vera ein lapsus frå utgjevar si side. Alt dette viser samstundes at det er på sin plass å understreka at RN ikkje er ei kjelde, slik eg har fått inntrykk av at nokre av våre mellomalderhistorikarar ser ut til å tru. Derimot er RN ein innfallsvinkel og eit hjelpemiddel til kjeldene, då i første rekkje dei diplomatariske kjeldene. Farene ved å nytta RN som kjelde, utan å kontrollera mot det faktiske kjeldegrunnlaget, skulle vera tilstrekkeleg illustrert i dei føregåande eksempla. RN VIII inneheld i alt 1347 regestar frå perioden det er meint å dekka, og tillegg kjem eit namneregister på nær 100 sider, og eit saksregister på nær 90 sider. Namneregisteret ser ut til å vera bra, sjølv om eg ikkje har gått systematisk til verks for å finna manglar i dette. Det er i det

minste relativt enkelt å finna fram i. Det same kan eg ikkje seia om saksregisteret, som står fram som dels uoversiktleg. I hovudsak skuldast dette dei til tider svært mange underoppslaga som kjem fram under kvart oppslagsord. Rett nok er dette gjort med hjelp av innrykk, men der det er mange underoppslagsord, som til dømes under oppslagsordet «brev» (frå s. 613–620), er det lett å gå i surr i kvar ein befinn seg i registeret. Dette kunne enkelt vore ordna, til dømes ved å setja inn hovudoppslagsordet øverst i kvar kolonne eller i det minste på kvar side. Innrykk fungerer dårleg når det ikkje finnest eit «høgare nivå» utan innrykk på den sida som innrykket er gjort på. Ein kan også stussa over at det har teke lang tid å få ut dette bandet av RN, ettersom arbeidet med det tok til alt i 1983. Men eit sideblikk til føreorda i dei to føregåande banda viser at band VI vart påbegynt i 1968, og kom ut i 1993, medan band VII vart påbegynt i 1978 og kom ut i 1997. Det medfører at band VIII, med sine 23 års produksjonstid, endar midt mellom band VI (25 år) og VII (20 år) med omsyn til tida det har teke å fullføra dei. Ein kan sjølvsagt ynskja at produksjonstida kunne vore kortare, slik at det kunne koma slike bøker oftare. Men arbeidet med Regesta Norvegica krev tvillaust mykje tid, og er dessutan neppe den einaste arbeidsoppgåva utgjevarane har i løpet av produksjonstida. Avslutningsvis kan det vera verd å repetera det eg skreiv i innleiinga: Det er ei flott bok, og jamt over ei god utgåve. Slike bøker vil eg ha fleire av.

Lihat lebih banyak...

Comentários

Copyright © 2017 DADOSPDF Inc.